Guineansk skog-savanne-mosaikk

Den guineanske skog-savannemosaikken strekker seg igjennom (frå venstre mot høgre) Senegal, Gambia, Guinea-Bissau, Guinea, Sierra Leone, Elfenbenskysten, Ghana, Togo, Benin, Nigeria og Kamerun.

Guineansk skog-savanne-mosaikk (engelsk Guinean Forest-Savanna Mosaic) er ein økoregion danna som eit belte av skog-savannemosaikk som strekker seg igjennom store delar av Vest-Afrika, frå Senegal i vest til dei kamerunske høglanda i aust. Det er ei overgangssone mellom dei øvre guineanske skogane, som består av vestlege guineanske skogar, austlege guineanske skogar og guineansk fjellskog, i sør, og vestsudansk savanne i nord. Regionen går igjennom elleve land, og omfattar eit område på 673 600 km². Landskapet er kjenneteikna av slake åsar, og har ei høgde på rundt 200–500 meter over havet. Det skiftar mellom regnskog, vanleg skog og savanne-område. Nigerelva renn igjennom området. Regionen har eit fuktig tropisk savanneklima, der temperaturen varierer mellom 14 °C og 33 °C, og ein typisk har mellom 1600 og 2000 mm nedbør i året.[1]

WWF har gitt området status Regionally Outstanding i vurdering av kor unikt området er med tanke på biodiversitet, og konserveringstatusen Endangered.[1]

  1. 1,0 1,1 Burgess, Neil & Hales, Jennifer & Underwood, E. & Dinerstein, Eric & Olson, David & Itoua, I. & Schipper, Jan & Rickketts, T. & Newman, K. «Terrestrial eco-regions of Africa and Madagascar: A conservation assessment». World Wildlife Fund (United States). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy